Arkivansvaret er i Luster kommune organisert på Sørvistorget i eininga Sørvis og driftstøtte.
I samband med endringa av organiseringa i 2001 vart arkivorganiseringa også endra.
Sentralt saksarkiv vart innført i 2001 og lagt til eiga eining, drift.
Tidlegare saksarkiv på etatane vart avslutta, og nytt sentralt saksarkiv vart oppretta.
I det elektroniske saks/arkivsystemet K2000, vart saker t.o.m. 2000 lagt i historisk base (Hist1 Luster), og det vart oppretta ny produksjonsbase frå 1.1.2001.
Ved overgang til fullelektronisk sakarkivsystem (ESA) i 2016 vart det oppretta ny produksjonsbase, og basen frå 2001 til 2015 vart lagt i ny historisk base (Hist2 Luster). Ved skifte av sakarkivsystem til ACOS WebSak 1.1.2022, vart det satt skrapt skilje, og ESA Prod vart historisk base. Dei tre historiske ESA-basane vart deponert Kommunearkivordninga i Vestland i 2022.
Personalarkivet vart også sentralisert.
For dei personane som var tilsett pr. 1.1.2001, vart mappene samla i det sentrale personalarkivet.
For dei personane som var slutta pr. 1.1.2001, vart mappene sett vekk, og organisert under etaten dei jobba.
Laster...