Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Luster kommune.
Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.
Arkivplanen skal sikra at Luster kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."
Offentlege organ pliktar å halde arkiv i samsvar med føresegnene i forskrifta her. Som offentleg organ blir rekna statleg, fylkeskommunal eller kommunal institusjon eller eining, jf. arkivlova § 2. Den enkelte kommune og fylkeskommune skal fastsetje kva for institusjonar og einingar som eventuelt skal reknast som eigne organ etter forskrifta her.
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tilligg den øvste leiinga i organet. Arkivplanen er eit viktig verkty for kommunen sin internkontroll, jf. kommunelova § 25 1. ledd
Eit offentleg organ har ansvaret for at underliggjande organ får nødvendige rettleiingar, råd og instruksar for arkivarbeidet i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av arkivlova. Organet har det overordna arkivansvaret for offentlege utval som organet har nedsett.
Arkivansvaret etter dei enkelte føresegnene i forskrifta her er knytte til organet, ikkje den enkelte tenestemann, med mindre anna er særskilt fastsett.
Laster...