Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

Luster kommune har frå 2018 ein administrativ struktur der drifta er delt inn i fire sektorar. Stabseiningane Service/driftsstøtte og Forvaltning/utvikling har sentrale arbeidsoppgåver innan fellestenester samt kommunen sitt forvaltnings- og nærings/utviklingsarbeid (sjå arkivsaknr. 18/667).

Tenesteeiningane Oppvekst og Helse/omsorg har kommunalsjefar som leiar og samordnar tenestene innan desse områda, sist endra i 2016 (sjå arkivsaknr 16/2806). 

RÅDMANN  Rådmannen er øvste administrative leiar for kommunen sin organisasjon og rapporterar til dei ulike folkevalgde organa. Til arbeidet høyrer å legge fram forslag til vedtak i alle typer saker for dei ulike folkevalgte organa. Etter at vedtak er fatta, har rådmannen ansvaret for gjennomføring.

Gjeldande organisasjonskart:

Org-kart-LK+ny2

Stiftingar og andre organiseringar: 

Fortidsminneforeining:
Luster kommune overtok personalansvar og ansvar for arkivhald for verdsarvkoordingator frå 1.3.2020. Luster kommune og Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane er samde om å utveksla eventuelt arkivverdige dokument frå tida før 29.02.2020, som måtte mangle hjå den andre part. Stillinga er lagt under Plan og inngår i arkivet der, med eigne malar. Sjå arkivsak 19/3741. 

Stiftinga Wittgenstein:
Stiftinga Wittgenstein i Skjolden (SWiS) er ei sjølveigande, privat stifting etablert i 2014 med fem partar. Kvar part er representert i styret med eitt styremedlem. Ordføraren i Luster kommune er styreleiar og kommunen er tomteeigar. 

Ormelid gard:
Sak 17/1350: Ormelid gard inn på lista over utvalgte kulturlandskap. Overføring av oppgåver frå Fylkesmannen til kommunane og fastsetting av ny forskrift om tilskudd til tiltak i utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.

Munthehuset:
Sjølvstendig stifting med vald kommunal representant med vara i styret.

Kommunalt føretak:

Lustrabadet KF

 

Sjå også kapittel Selskap, oppgåvefellesskap og verstkommune samarbeid. 

Laster...